...
Setjefiskanlegget i Haukå er eigd av Marine Harvest Norway. Foto: Jon Sørland

Meldt til politiet for overproduksjon

Fylkesmannen har meldt Marine Harvest Norway til politiet for kraftig overproduksjon av setjefisk i Haukå i Flora.

Arve Olav Solbakken
Arve Solbakken Profil E-post
Publisert 11.07.2012 kl 13:47 Oppdatert 11.07.2012 kl 13:58

Tips ein venn på e-post:

Grunnlaget er at utsleppa frå produksjonen har ureina miljøet, sidan produksjonen har lege 70 prosent over det dei har løyve til.

Haukå Setjefiskanlegg har utsleppsløyve frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for utslepp frå produksjon av 236 tonn fiskebiomasse. Fylkesmannen meiner verksemda sidan 2008 har produsert opptil 400 tonn årleg, noko som er nesten 70 % meir enn tillate. Produksjonen har ført til negative miljøverknadar på sjøbotnen.

Fylkesmannen meiner det er kritisk viktig at verksemder med ureinande utslepp har respekt for rammer og vilkår i utsleppsløyvet.

I utgangspunktet set ureiningslova forbod mot å ureine. Løyve til utslepp er difor resultatet av ei vurdering av verksemda sine behov, miljøet sitt krav mot påverknad, nødvendige utsleppsreduserande krav og kostnadar med tiltak. Våre krav vert vurdert ut frå generelle prinsipp som t.d. føre var - omsyn, kva kan ein oppnå ved bruk av beste tilgjengelege teknikkar og om utsleppet vil gå ut over trivselen til folk eller skade naturmiljøet. Mogelege krav må også vurderast mot totale kostnader og om kravet er pårekneleg for slik verksemd. Dei grundige avvegingane som ligg til grunn for eit løyve til utslepp, er blant årsakene til at brot på vilkår i eit løyve er straffbart.



På forsiden nå


...

Fekk millionkontrakt på fôrfabrikk i Trøndelag

Lokalnytt Fokus Elektro har inngått fleire store kontraktar, og har no rekordstor ordrereserve, fortel dagleg leiar Svein Nødseth. Selskapet skal mellom anna jobbe på Marine Harvest sin nye fôrfabrikk i Bjugn. Les meir

...

Listetopp vitja verftet

Lokalnytt – Vi er her for å lære om industrien i Florø og kva dei meiner vi burde legge vekt på i partiprogrammet, seier Trude Brosvik. Les meir

...

Gudsteneste 520 meter over havet

Lokalnytt Måndag heldt Tore Myklebust friluftsgudsteneste 520 meter over havet, med panoramautsikt over Svelgen som bakteppe. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.