På ei veke har Facebookgruppa «Du veit du er frå Florø når ...» fått ein enorm oppslutnad frå patriotiske florøværingar.
For lite visste Kjersti Helen Sundahl at gruppa ho oppretta førre søndag, «Du veit du er frå Florø når...», ville få utrulege 2369 medlemmer på knapt ei veke.
– Eg er heilt sjokkert over oppslutnaden. Eg trudde eg berre ville få med meg mellom 20 og 30 personar i denne gruppa, seier Kjersti Helen Sundahl, for øvrig kjend som dotterdotter til «Odd’en» og dotter til «Myggen», til Firdaposten fredag.
Sundahl er fødd og oppvaksen i Florø, men har budd i Jönköping i Sverige i mange år. Og det var lengselen heim som starta det heile.
– Eg klarer ikkje rive meg heilt laus frå Florø. Søndag sat eg og lengta heim, og oppretta difor ei open gruppe på facebook der folk kunne fylle ut setninga «Du veit du er frå Florø når ...», seier Sundahl.
Etter ei knapp veke har det komme mange gode forslag, som «du veit du er frå Florø når du framleis handlar på?Combi», eller «når du sit ute i regnet og et sild ein gong i året».
Det handlar om gamle namn, gamle minne og gamle historier. Alt som kjenneteiknar Florø og florøværingar.
«Du veit du er frå Florø når ...»
Firdaposten tok seg ei runde i byen for å sjå kva folk brukte det fantastiske vêret pinseaftan til.
Sjå bilete