...
Foto: David E. Antonsen

Satsar i Strandgata

I løpet av august håpar Gitte Kathrine Kroppan Villand at ho kan opne delikatessebutikk med uteservering i Strandgata 39.

David E. Antonsen
David E. Antonsen Profil E-post
Publisert 06.07.2012 kl 12:38 Oppdatert 06.07.2012 kl 12:40

Tips ein venn på e-post:

Over heile landet dukkar nye firma opp som paddehattar. Så også i Flora og Bremanger. Berre i første kvartal av 2012 vart 22 selskap etablert i Florø, og så mange som sju selskap i Bremanger. Fleire kvinner blir dessutan gründerar bak eiga bedrift.

Ei av dei som har valt å ta dette store steget og realisere draumen om eiga bedrift er Gitte Kathrine Kroppan Villand. I mai etablerte ho selskapet Lille Marked AS.

– Eg tenkjer på Lille Marked som ein butikk for «det gode liv», slik som dei små delikatessebutikkane i Frankrike og Italia. Eg ønskjer å skape ein stad med gode lukter av ostar og kjøtvarer frå Middelhavet – i tillegg til å få fram alt det gode vi har av lokale råvarer i fylket. Her skal kundane også få smake dei ulike varene før dei kjøper dei, smiler Villand.

Lille Marked skal liggje i Strandgata 39, der oppussingsarbeidet alt er i gang. Opninga av Florø sin eigen ferskvare- og delikatessebutikk med uteservering skal etter planen vere i august.

I løpet av første kvartal 2012 vart det etablert sju mindre selskap i Flora kommune samanlikna med same periode i fjor. I Bremanger vart det derimot oppretta to fleire selskap enn i fjor.

– Dette kan det vere mange grunnar til, men mitt håp er at det kommunale næringsfondet kan vere med å bidra til ei auke. Det er ting på gang i Flora no, så når vi kjem ut i august er nok situasjonen ein heilt annan, seier Bareksten.

Bareksten har hovudansvaret for næringsutvikling i Fram Flora. I tillegg til å bidra økonomisk, gjev ho også råd og vegleiing.

– Vi kan hjelpe nyetablerarar på mange felt, ikkje berre økonomisk. Det er berre å ta kontakt med oss, seier Bareksten.



På forsiden nå


...

Jacob må forklare seg for kontrollutvalet

Lokalnytt HSU-leiar Jacob Nødseth (H) vert no skulda for å overprøve kommuneadministrasjonen i ein sak om helsetilbod til ein spesifikk brukar. Han er kalla inn på teppet til kontrollutvalet, der han må forklare seg om saka. Les meir

...

VIDEO: Airwing på plass i Florø

Video Torsdag flaug Airwing sitt niseters Beechcraft-fly for første gong ruta mellom Florø og Stavanger. Den daglege ruta vil bli eit viktig bidrag for oljenæringa i begge oljebyane.

Sjå video

...

Kan bli årets UKM - kommune

Kultur Flora kommune er ein av ni nominerte til "Årets UKM-kommune 2013". Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.