Familien blei fortvila då kjeledeggen gjennom 14 år, Pusur, forsvann og ikkje lenger mjaua ved dørene for å komme inn og ut av huset.
Staden er den tett trafikkerte Markegata i Florø.
Vi var ikkje så urolege for at katten kunne vere overkøyrd. Vi rekna med at den hadde blitt van med å ferdast i trafikken etter så mange år, fortel Asle Grønnevik.
Det blei sett i gong søk og leiteaksjoni familien, men katten var ikkje verken å sjå eller høyre.
Neste morgon fekk dei løysinga på mysteriet. Pusur hadde møtt sin overmann eller kvinne bak eit bilratt i Markegata. Trafikkdrept. Vedkommande hadde lagt katten fint inn til ein murvegg. Det uvanlege i historia er at gjerningspersonen i respekt for familien til den avlidne hadde lagt blomar på liket.
Det var eigentleg greitt å finne Pusur slik, seier Grønnevik.
Vi synest det var flott gjort og vil gjerne få takke vedkommande for det, avsluttar han.