Ekornes-konsernet likar dårleg at utviklingslaget Nye Bremanger brukar ordet stressless i bulystprosjektet sitt.
Utviklingslaget Nye Bremanger fekk nyleg til saman 2,1 millionar kroner i tilskot frå kommunal- og regionaldepartementet og fylkeskommunen til sitt bulystprosjekt kalla Pendling-Stressless-Bulyst. Ekornes varslar i første omgang ein skriftleg reaksjon , fordi dei meiner begrepet stressless er eit beskytta merkevarenamn.
Dei kjem til å få eit brev frå oss om at vi ikkje ønskjer at dei skal bruke ordet, seier Runar Haugen, marknadssjef i Ekornes ASA til Sunnmørsposten.
Sunnmøringane vaktar som haukar over merkevarenamnet, men meiner dette ikkje er av dei mesta graverande tilfella. Derfor blir ikkje advokatar sett på denne saka.
Leiar i Nye Bremanger Anita Solbakken Nygård seier dette er noko dei rett og slett ikkje hadde tenkt på.
Vi vil ta opp saka når vi har lese brevet frå Ekornes. Det er lett for oss å byte ut namnet, seier ho til Sunnmørsposten.
Ekornes har i årevis teke kontakt med dei som prøver seg på å bruke namnet.
Dette for å stå sterkare om det kjem til ein rettsleg prosess.