I fjor regna SommarFlora vekk. I år har arrangørane booka The Rainmakers og stort festivaltelt.
Fotballstøvlane er mellombels lagt på hylla. Men den folkelege festen som var ramma for FotballFlora, lever vidare. I fjor kunne ikkje ein gong optimisten Jahn Teigen stogge regnet, men arrangør Per Øyvind Helle let seg ikkje stogge. Helga 29.-30. juni byr han på nytt til stor og folkeleg byfest-helg med mange ingrediensar.
Kunstnar og rockestjerne
Det største musikalske namnet er nok Rainmakers, som var eit stort band også i Norge på 1980-talet. No har dei gjort comeback med ny plate til svært gode kritikkar, og spelar på hovudscena som avslutning på laurdagskvelden. Men frontfigur i bandet, Bob Walkenhorst, skal bidra med meir enn musikk. Dei seinare åra har han slått seg opp som kunstmålar, og Walkenhorst sine bilete vil bli stillt ut i Florø i lag med lokale kunstnarar under festhelga.
Tooji tilbake
Tooji tek også turen tilbake til byen som sende han vidare i MGP-sirkuset, ei ferd som enda heilt med internasjonal finale i Baku i mai. Alle konsertane går på stor utescene som blir rigga på Torget.I Trovikbakken blir det også anna halsbrekkande moro. Det startar med vintergreina «Tør du Ski», men i år kjem sykkelutgåva, ope for dei med vågemot, susp - og sykkel. I tillegg blir det blir kunstutstilling, sjøgolf og anna moro.
Folkeleg fest
Fellesnemnaren for alt som skjer under SommarFlora er folkeleg moro. Det skal ha høg «feelgood»-effekt og på på noko for alle aldersgrupper. Det føler eg vi gjer med årets program, seier Per Øyvind Helle. Alle gode krefter er med når SommarFlora skal realiserast.
- Vi legg opp til å samarbeide med flest mogleg, slik at SommarFlora blir inkluderande, seier Per Øyvind Helle.
Når det gjeld program på dagtid er organisasjonen Byen Vår Florø tung inne som medspelar. Det blir også tett samarbeid med Flora Kunstlag og lokale kunstnarar, i samand med Rainmakers-vokalisten si utstilling.I tillegg er ei rekkje organisasjonar som golfklubben, dansegrupper og lag og organisasjonar som vil få vaktoppdrag med meir under festivalen, seier Helle.