...
HUSBYGGARAR: Knut Erlend Dombestein, Ingvild Langeland, Emma og Magnus på Dombestein i Bremanger har fått realisert husdraumen. Men nye reglar gjer det vanskeleg for dei som vil gjere det no. Foto: Anita M. Ingebrigtsen

Halvering av ungdomslån

Sparebanken Sogn og Fjordane har registrert ei halvering av utlånsveksten til unge som vil etablere seg med eigen bustad.

Arve Olav Solbakken
Arve Solbakken Profil E-post
Publisert 26.06.2012 kl 12:55 Oppdatert 26.06.2012 kl 13:11

Tips ein venn på e-post:

Færre unge menneske klarer å skaffe seg eigen bustad i dag enn for eit år sidan. Dette er konklusjonen til Sparebanken Sogn og Fjordane etter at styresmaktene innførte strengare krav til eigenkapital.

-Så langt i år er utlånsveksten i aldersgruppa 20 til 35 år halvvert frå seks til tre prosent. Vi er temmeleg sikre på at hovudgrunnen er at kravet frå Finanstilsynet om 15 prosent eigenkapital ved kjøp av bustad er svært vanskeleg å klare for mange, seier direktør for Privatmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane, Hallvard Klakegg i ei pressemelding.

Dei nye eigenkapitalkrava gjer at du må ta 300 000 kroner frå eigen lomme dersom du skal kjøpe ei leilegheit til 2 mill. kroner. I ein fase der du er nyutdanna, eller nettopp byrja i din første jobb, er dette eit urealistisk beløp for dei aller fleste. Redninga blir ofte foreldra.

– Vi ser at mange foreldre er flinke til å stille opp med eigenkapital eller kausjonsansvar for å hjelpe barna inn i bustadmarknaden. Baksida av dette er at vi etter kvart kan oppleve eit klasseskilje mellom dei som har foreldre som kan stille opp og hjelpe og dei som ikkje har det, seier Klakegg.

...
Hallvard Klakegg- Sparebanken Sogn og Fjordane Foto: Pressefoto


På forsiden nå


...

Tilrår seks politidistrikt

Lokalnytt Onsdag vart framlegg til ny organisering i politiet overlevert til Justisdepartementet. Analysen føreslår seks politidistrikt i heile landet, med region Vest beståande av fylkene Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Les meir

...

Skal trø seg trygge i trafikken

Sport – Det er framleis mogleg å melde seg på årets sykkelskule, seier leiar Geir Kristiansen i Florø CK. Les meir

...

Meiner bystyret braut lova

Lokalnytt Fleire bystyrerepresentantar krev lovlegkontroll av vedtaket om å lukke møtet om avlastingstilbodet til Joakim Osland (18). No har dei bede Fylkesmannen sjå på saka. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.