...
Jonsokafta blir det volleyballturnering på den nye bana på Sørstrand. Her blir bana testa ut rette etter at skelsanden kom på plass. Foto: Anne Marit Seljeseth

Sprek jonsokfeiring

Jonsokaftan vert ein aktivitetsfylt dag på Sørstrand Folkepark med volleyballturnering, leik og aktivitetar både for unge og vaksne.

Maiken Aa. Solbakken E-post
Publisert 23.06.2012 kl 10:43 Oppdatert 24.06.2012 kl 00:03

Tips ein venn på e-post:

Det heile skjer i god tid til hovudbålet på Rota.

– Vi har aktivitetar for dei fleste. Volleyballturneringa vert sett i gang klokka tre, og finalen skjer like før den offisielle opning klokka fem med Sparebanken Sogn og Fjordane. Barneaktivitetane byrjar allereie klokka to, og vi har fått med oss åtte arbeidsomme ungdommar som har regien, seier Nygård.

– Sankthansbålet tennast først klokka seks. I tillegg vil vi ha musikk på området frå klokka halv seks og utover, seier Nygård. Fredag sørga ti ungdommar for å byggje det fem meter høge jonsokbålet på under to timar.

Inngangsbetaling

– Nytt denne gongen er at vi må inngangspengar, høvesvis 20 kroner for vaksne, 10 for barn, og 50 for ein heile familie, seier Nygård. Inngangsprisen vil dekke kull til fellesgrillane, betaling til den åtte ungdommane, og anna nødvendig materiale.

–Nokon må ta med eingongsgrillar i tilfelle det ikkje vert nok. Vi har berekna til 1000 personar. Mat må folk ha med sjølv, seier han.

Brua utsett

– Vi er i gang med å støype fundamentet på STX, men det har teke litt lenger tid enn forventa. Vi ønskjer ikkje å forhaste prosessen. Brua vil først bli klar uti neste veke, seier Nygård.

Fullstendig program for dagen finn du på Kystpuls.

BILDE: Idyll på Sørstrand

...

Med skjelsanden på plass mellom tærne og sol på himmelen var det nær sydenstemning på Sørstrand tysdag.

Sjå biletserie her!


På forsiden nå


...

Norgescup i helga

Sport Laurdag og søndag skal nesten hundre båtar konkurrere om kven som er best i segling under Norgescup på Furuholmen. Les meir

BILDE: "Berre digg" laurdag

...

Stor bildeserie frå Bil-, båt og fritidsmessa "BERRE DIGG" som vart arrangert i havnebassenget i Florø på laurdag.

Stor bildeserie her!

...

Stefan sette to straffar

Lokal fotball Stefan Aase stod for to straffemål då Florø SK vann mot Lyngbø laurdag. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.