...
Hene Totland (t.v.) og Arne Hjeltnes (t.h.) besøkte fredag Espen Lothe i Kinn Bryggeri. Begge dei to TV2-profilane er svorne Kinn-fans, og både Bøvelen og Dampen vart dregne fram som favorittar. Foto: Liv Standal

TV2 jakta lokale spesialitetar i Flora

I eit par dagar no har TV2 vore på Svanøy og i Florø og gjort opptak til andre runde av Det Norske Måltid.

Liv Standal
Liv Paula Standal Profil E-post
Publisert 22.06.2012 kl 15:30 Oppdatert 22.06.2012 kl 15:35

Tips ein venn på e-post:

Heine Totland og Arne Hjeltnes strøymer over av lovord om distriktet og produkta dei har fått smake her. Dei kom opprinneleg for å lage eit innslag om Svanøy Røykeri, men fann ut at dei også måtte ha med Hjortesenteret - og Kinn Bryggeri.

– Med den naturen, den maten, det vêret de spadde opp i går, kunne vi laga ein heil serie berre om distriktet her, seier Heine Totland. På Svanøy budde dei på Hovudgarden og fekk sjølvsagt servert hjort og laks.

Hjeltnes framhevar kor viktig det er med patriotisme når ein har gode produkter lokalt:

– Butikkane her må føre Kinn-ølet og ikkje Carlsberg. Reiselivsnæringa må og støtte dette ved at dei tilbyr dei lokale produkta til turistar. Det er mykje kjekkare å komme heim og sei at «eg fekk smake eit fantastisk lokalt øl». Det er veldig moro å komme hit og sjå at Espen brygger godt øl med armar og bein, seier han.

For Espen Lothe på Kinn Bryggeri er svært nøgd med profileringa deltaking i dette programmet gjev han, sjølv om han allereie produserer for fullt i dei trange lokala sine.

– Ja, dette er utruleg kjekt, det er jo vanvittig bra profilering, og det er sjølvsagt kjekt å bli sett pris på. No må vi berre komme oss inn i dei nye lokala og brygge på harde livet, seier Lothe.

Han legg til at bryggarutstyret dei skal bruke der har byrja å komme, så dei vil vere klare til å starte opp så snart bygget står klart. Og det kjem vel med, for han har aldri nok øl til å dekkje etterspurnaden.

Totland seier han lenge har vore fan av Kinn-ølet og karane fortel at dei har kjøpt kassevis av øl med seg heim.

– No skal vi heim og forføre konene våre med Kinn Rosa! seier dei leande.



På forsiden nå


...

OL og VM-meister til Florø

Lokalnytt Szymon Ziolkowski kjem til Florø. Sett av dagen 8. juni til tidenes sleggeduell. Les meir

...

Opera-gründer skal kulturmobilisere Flora

Lokalnytt

Korleis kan eit lokalsamfunn makte tunge kulturløft, basert på frivillig arbeid? Det har kanskje Kari Standal Pavelich svar på når ho vitjar Florø 27. mai. Les meir

...

Datatrøbbel for avisene

Lokalnytt Grunna datatrøbbel hos Amedia-konsernet som følgje av flaumen på Austlandet, vil det ikkje vere muleg å ringe til kundesenteret til Firdaposten onsdag føremiddag. Men det finnest alternativ. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.