Mange vil vere med å pusse opp Trovikkvartalet før Himmel & Hav-helga. Det stadfestar Roger Bareksten i Byen vår Florø.
– Det har vore utruleg kjekke dagar. Vi visste allereie når vi starta på måndag at engasjementet rundt Trovikbygget var utruleg stort. Men at det ville bli så positivt var i overkant av det vi forventa når vi sette i gang, seier Roger Bareksten.
Bareksten og Byen vår Florø tok før helga initiativet til ein real folkeaksjon. Han og fleire andre såg seg nemleg lei av forfallet i Trovikkvartalet. Det vart difor sett i gang ein real dugnadsaksjon for å pusse opp kvartalet.Første dagen dukka åtte-ni personar opp i kjeledress for å hjelpe til. Onsdag var talet ti. Og talet berre aukar og aukar.
I tillegg har mange andre støtta på andre måtar enn med målekost og skrape.
– I det heile tatt er det mange som bidreg med utstyr. Det seier meg at heile byen står samla om denne folkeaksjonen, ikkje berre dei som står her med målarkost, understrekar Bareksten.
Det blir også underbyggja ved at mange som køyrer forbi fløytar og viser at dei er glad for initaitvet. Andre stoppar opp for å ta bilete, eller gje ros.
Firdaposten tok seg ei runde i byen for å sjå kva folk brukte det fantastiske vêret pinseaftan til.
Sjå bilete