To månader etter at flyselskapet kom tilbake til kystbyen, har talet på passasjerar vakse med 15 prosent.
Widerøe er svært nøgde med mottakinga dei har fått i Florø.
Dei to månadane som har gått sidan Widerøe tok over 1. april, har passasjerauken vore på heile 15 %. Dette er svært godt samanlikna med andre lufthamner i perioden, og med ein regularitet og punktlegheit på høvesvis 99,2 % og 97,1 %, beteiknar Widerøe tilbakekomsten i Florø som svært vellukka.
– Vi er sjølvsagt svært nøgde med dette. Vi Widerøe har sakna Florø og tala viser at mange i Florø har sakna Widerøe og. Eit rutenett som knyter Florø til heile verda er nok ei av årsakene til at fleire passasjerar vel å reise med oss. I tillegg er gjennomgåande innsjekk og bagasje ein stor fordel når du skal reise, og det har tydelegvis innbyggjarane i Florø sett pris på, seier kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien i ei pressemelding. Han forsikrar at flyselskapet vil satse ytterlegare i Florø:
– Frå september aukar vi frå 4 til 5 daglege avgangar til Oslo, og frå 5 til 6 daglege avgangar til Bergen, avsluttar Kongsteien.