...
Florø sjukehus. Foto: David E. Antonsen

Stort fleirtal for sjukehuskjøp

Flora bystyre gav tysdag Helse Førde eit klar signal om at kommunen ønskjer å kjøpe sjukehusbygga for fem millionar kroner.

Publisert 12.06.2012 kl 19:29 Oppdatert 12.06.2012 kl 22:16

Tips ein venn på e-post:

Men først skal ei tverrfagleg gruppe finne ut kva bruk som kan vere aktuell. I tillegg skal rådmannen greie ut kva økonomiske konsekvensar eit kjøp av eigedommen vil få for drifta elles. Frist er sett til 4. september.

Eit framlegg frå Ap med desse hovudtrekka fekk støtte frå Høgre. Dermed vart det eit solid fleirtal for forslaget. Medan sju røysta for eit noko meir forsiktig forslag frå Venstre.

Ordførar Bengt Solheim-Olsen fekk både ris og ros for å ha teke seg vide fullmakter då han forhandla direkte med Helse Førde utan først å ha sikra seg eit klart mandat frå bystyret.

Det vart likevel langt mindre stormlaup mot ordføraren enn det enkelte kanskje hadde venta seg.

Det farga nok også behandlinga av saka i bystyret at Helse Førde-direktør Bolstad hadde synt overraskande stor vilje til å møte og innfri sentrale intensjonar i Samhandlingsforma for Flora i møtet med dei politiske gruppeleiarane i Florø sist fredag.



På forsiden nå


...

Utslepp frå Elkem

Lokalnytt Farga Svelgselva grå måndag ettermiddag. Les meir

...

Ny versjon av Tour de Bremanger

Sport Tap av ferja stoggar ikkje sykkelglade bremangarar. Men løypetraseen til Tour de Bremanger blir annleis laurdag 15. juni. Les meir

...

VIDEO: Nyevegen Rugsund-Svelgen (rallyversjon)

Video Ver med køyreturen på den nye vegstrekninga Rugsund-Leirgulen-Svelgen i ein fart a la Petter Solberg. P.s. "farta" skuldast at filmen køyrer fortare, og ikkje sjåføren.

TA RALLYTUREN HER
Til Grasrotandelen

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.