...
Farvel kyrkjetrapp: Sokneprest Tommy Erdal og Anne Loise, flankert av formann i Davik sokneråd, Kjartan Wiik frå venstre. Vidare sokneprest i Bremanger, Frileif Lydersen, prost Scanke Eikum. På høgre side sokneprest i Midtgulen, Tore Myklebust, sokneprest i Vanylven Ivar Austrheim og leiar i Bremanger fellesråd Mule. Siste oppstilling i kyrkjetrappa for ekteparet Erdal. Foto: Kjell Askeland

Soknepresten flytter, prestegjeldet nedlagt

Til avskjedsfesten i Davang fyrst i juni møtte folk frå Davik sokn tallrikt fram for å seie farvel til sokneprest Tommy Erdal med familie.

Publisert 12.06.2012 kl 13:03 Oppdatert 12.06.2012 kl 22:15

Tips ein venn på e-post:

Etter snart 15 år i bygda seier dei ved neste månadskifte takk og farvel til Davik. Deretter stansar flyttelasset i Loddefjord ved Bergen, der ny teneste ventar. Med si tid i Davik er Erdal nokså nær gjennomsnittet for dei 19 prestane som gjennom åra har bestyrt soknet frå denne bygda i 272 år.

Nedskjering i bispedømet gjer at Bremanger kommune misser ein av tre prestar, soknepresten i Davik. Ved Erdal si flytting opphøyrer altså sokneprestembetet i Davik, som har eksistert frå 1740.

Gjennom denne tida har fire prestebustader vore reist. Den siste etter brannen i 1986. Framtida for den som no er i bruk er neppe heilt avklara. Sikkert er det at den ikkje får funksjon som residens for soknepresten.

Til avskjedsfesten i Davang møtte bygdefoket fram og delte bordets gleder der det vart servert rømmegraut. Fleire hadde ordet og takka for tenesta i prestegjeldet.



På forsiden nå


...

Frå siger i Florø til fjerdeplass i Malmø

Lokalnytt Margaret Berger gjorde ein god figur i den internasjonale MGP-finalen, men tapte for førehandsfavoritten Danmark. Les meir

...

Svært roleg feiring

Lokalnytt Skal ein dømme etter politiet sin logg. Les meir

BILDE: Ein sommardag i mai

...

Firdaposten tok seg ei runde i byen for å sjå kva folk brukte det fantastiske vêret pinseaftan til.

Sjå bilete
Til Grasrotandelen

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.