...
Foto: Dag Frøyen

Ope brev til ordførar Bengt Solheim-Olsen

Bente Frøyen Steindal, Ap, går i rette med ordførar Bengt Solheim-Olsen om sjukehussaka.

Publisert 12.06.2012 kl 09:58 Oppdatert 12.06.2012 kl 10:31

Tips ein venn på e-post:

Viser til sak om kjøp av sjukehuseigedommen i Florø og avtale med Helse Førde.

Det er viktig å halde seg til realiteten i saker, noko du heilt tydeleg ikkje gjer her.

Arbeidarpartiet har invitert til samarbeid, men den invitasjonen tok du ikkje imot. I staden går du til angrep på oss og legg skulda på AP om avtalen med Helse Førde ikkje går igjennom politisk.

Til NRK fredag 8.6.12 uttalte du at AP har ikkje teke inn over seg at det er Høgre som styrer.

Kva er då problemet ditt?

Jau, det kan eg hjelpe deg med å finne ut.

Høgre styrer ikkje aleine, de styrer i lag med Venstre. Det er ikkje Arbeidarpartiet som har ansvaret om de har samarbeidsproblem.

AP kom med eit nytt framlegg til vedtak i sjukehussaka som vart støtta av Venstre. Alternativet var at saka vart stogga.

Så til påstanden din i NRK om at forrige intensjonsavtale var så dårleg og at vi prøvde å tvinge den igjennom. Begge deler er feil.

Avtalen vart samrøystes vedteken i bystyret og signert av partane 17.11.2009. Treng du meir oppdatering kan du ta kontakt med din partifelle Odd Husebø og tidlegare gruppeleiar i Høgre Berit Seljeseth Osa som var med i arbeidet med å få den på plass.

Grunnen til at det ikkje vart kjøp av sjukehuset då var at etter avtalen var godkjend ville HF ha den endra til og å gjelde framleige, men det sa bystyret nei til, også det var samrøystes.

Vi arbeidde ilag og var opptekne av å finne løysing.

Du har fortsatt høve til å ha oss med, om du vil.

Bolstad svarte på møte med gruppeleiarane, etter spørsmål frå meg, at det ikkje var eit problem om vi trengte litt lenger tid, eg nemnde 2-3 veker.

Etter å ha arbeidd med denne avtalen bak lukka dører i eit halvt år utan ein gang å informere samarbeidspartiet ditt så kan det vel ikkje vere så vanskeleg å forstå at andre ber om litt tid for å få svar på sine spørsmål.

Så Bengt Solheim-Olsen, det er opp til deg om du ynskjer at vi skal få til noko her.

Bente Frøyen Steindal

Gruppeleiar AP



På forsiden nå


...

Ny Åsen opp-rekord

Sport Aldri før har det vore så mange deltakarar under Åsen opp som på laurdag. Les meir

BILDE: "Berre digg" laurdag

...

Bil-, båt og fritidsmessa "BERRE DIGG" vart arrangert i havnebassenget i Florø laurdag.

Stor bildeserie her!

KVA MEINER DU?

Etter di meining, bør konfirmasjonsundervisning gå føre seg i skuletida?

Ja
Nei
Veit ikkje

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 183

...

Stefan sette to straffar

Lokal fotball Stefan Aase stod for to straffemål då Florø SK vann mot Lyngbø laurdag. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.