Vanlegvis vert Sygni i Kinnaspelet plukka ut ved audition, men Alva Hillersøy vart lagd merke til av instruktør Bodil Kvamme under spelet i fjor.
- Eg hadde også tenkt på henne lenge, ho har vore med på Kinnaspelet dei siste fem åra. Alva har eit vesen som passar i rolla, dei er spesielle, desse Sygni-jentene, smiler Agnes Alisøy.
Tidlegare har elleve år gamle Alva vore bygdejente i spelet, men no skal ho ta eit stort steg fram.
- Eg hadde veldig lyst då eg vart spurd, men eg både gruar og gler meg, tilstår Alva.
Det er ikkje så mange åra jentene kan ha rolla før dei må skiftast ut. Sygni er rundt ti år gammal i stykket og dei som skal spele henne kan ikkje vere for høge og store, samstundes som dei må ha den modenheita som krevst for å nå ut til publikum. Utanom dei to siste åras Sygni, som vart spelt av Andrine Stusdahl Melvær, har alle som har spelt rolla hatt lang bakgrunn frå Kinnaspelet.
I år sit Agnes og Alva i sofaen og har gjennomgang, for det er rett og slett for kaldt til å vere i hagen, som ein vanlegvis pleier. Sjølv om Alva kan mange av replikkane til Sygni frå før, vert det noko anna når ho skal sei dei fram sjølv. No er ho hos Agnes for å ha si aller første leseprøve. Agnes trur det kan vere kjekt for Alva å ha litt bakgrunn før den første fellesøvinga i Flora-hallen førstkommande laurdag -
- Det kan vere kjekt å ikkje stille med heilt blanke ark. Sygni må vel reknast som hovudrolla blant amatørane, seier Agnes.
Men det legg ikkje Alva merke til. Ho konsentrerer seg om replikkane.