...
Dan Roger Book og Henning Solheim har teke initiativet til Florøs første Poker Run. Foto: Liv Standal

Nytt tilskot til båtsommaren

Den rikhaldige floraen av tilbod til båtfolket i området har fått enno eit tilskot: Det amerikanske fenomenet Poker Run.

Publisert 06.06.2012 kl 00:01 Oppdatert 07.06.2012 kl 09:03

Tips ein venn på e-post:

Kort sagt går det ut på å køyre til fem ulike stader og samle inn eitt spelekort kvar stad. Den som har den høgste «handa» når ein kjem tilbake til utgangspunktet, vinn.

Dei lokale entusiastane som har drege dette i gong, er Dan Roger Book og Henning Solheim. Vi møter dei medan dei er i gong med mekking på Dan Roger sin 28 fots Smuggler som skal vere klar til løpet på laurdag. Det var Dan Roger som i si tid hadde idéen til løpet.

- Eg har vel fungert meir som masekråke, men eg tenkte «kvifor ikkje?». Sjølvom om det berre skulle komme fem båtar, ville vi få ein flott dag på sjøen, seier Henning. Karane har alltid vore interesserte i amerikanske båtar og det dei held på med i båtmiljøet der borte. Henning skal snart til Bergen og delta i eit løp der. Hans beskjedne mål om fem båtar er passert for lengst. Så langt har 15 båtar meldt seg på til løpet på laurdag, og det er framleis ikkje for seint. Fristen går ut fredag, og dei har oppretta eiga Facebook-side for arrangementet.

Ein startar med førarmøte på Florø-vika laurdag føremiddag, før starten går litt seinare. Ruta vert Florø-Svanøy-Askrova-Fanøy-Kalvåg-Florø. Stoppet i Kalvåg inkluderer lunsj.



På forsiden nå


...

Fekk millionkontrakt på fôrfabrikk i Trøndelag

Lokalnytt Fokus Elektro har inngått fleire store kontraktar, og har no rekordstor ordrereserve, fortel dagleg leiar Svein Nødseth. Selskapet skal mellom anna jobbe på Marine Harvest sin nye fôrfabrikk i Bjugn. Les meir

...

Listetopp vitja verftet

Lokalnytt – Vi er her for å lære om industrien i Florø og kva dei meiner vi burde legge vekt på i partiprogrammet, seier Trude Brosvik. Les meir

...

Gudsteneste 520 meter over havet

Lokalnytt Måndag heldt Tore Myklebust friluftsgudsteneste 520 meter over havet, med panoramautsikt over Svelgen som bakteppe. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.