...
Foto: Johanne Helland

Stolen telefon og laus hund

Litt forskjellig for politiet å ta seg av denne helga og.

Liv Standal
Liv Paula Standal Profil E-post
Publisert 03.06.2012 kl 11:34 Oppdatert 03.06.2012 kl 11:34

Tips ein venn på e-post:

Klokka halv to var det promillekontroll ved Svarthumle på rv. 5 og 23 bilførarar vart kontrollerte. Alle var ok, men ein vart meld for å køyre med ulovleg tilhengar.

Like før halv fire fekk politiet melding om at høg musikk frå ein bustad forstyrra natteroa i eit bustadfelt. Dei rykte ut og påla vedkommande å skru ned volumet.

Ein snau halvtime seinare vart det meldt om ein stolen mobiltelefon i sentrum. Politiet og den fornærma fann igjen telefonen, og det er to mistenkte i saka.

I dag tidleg mellom klokka halv ni og ni rykte politiet ut etter melding om ein mann som sat og sov i ein bil på Krokane i Florø. Det var knust eit vindauge i bilen, og ein mann i 40-åra vart pågripen og sett i arrest grunna innbrot i bil. Det var og funne mindre mengder narkotika på mannen. Saka blir følgt opp.

Klokka ti i føremiddag fekk politiet inn fleire meldingar om ein laus hund ved gravplassen. Hunden er lys brun og har sele på seg. Dersom du saknar ein slik kan det kanskje vere ein idé og ta seg ein tur og sjekke.



På forsiden nå


...

Fekk millionkontrakt på fôrfabrikk i Trøndelag

Lokalnytt Fokus Elektro har inngått fleire store kontraktar, og har no rekordstor ordrereserve, fortel dagleg leiar Svein Nødseth. Selskapet skal mellom anna jobbe på Marine Harvest sin nye fôrfabrikk i Bjugn. Les meir

...

Listetopp vitja verftet

Lokalnytt – Vi er her for å lære om industrien i Florø og kva dei meiner vi burde legge vekt på i partiprogrammet, seier Trude Brosvik. Les meir

...

Gudsteneste 520 meter over havet

Lokalnytt Måndag heldt Tore Myklebust friluftsgudsteneste 520 meter over havet, med panoramautsikt over Svelgen som bakteppe. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.