...
Luftambulanse på plass. Ambulansen kom køyrande på fylkesvegen rett opp forbi skrenten på 30-40 meters høgde. Foto: Annbjørg Hauge Nygård

Ambulanse utfor veg

Køyrde av vegen ved Løvikneset mellom Hauge og Ryland i Bremanger. Ambulansesjåføren er skadd.

Arve Olav Solbakken
Arve Solbakken Profil E-post
Anne Marit Seljeseth
Anne Marit Seljeseth Profil E-post
Publisert 24.05.2012 kl 23:45 Oppdatert 25.05.2012 kl 00:31

Tips ein venn på e-post:

Luftambulanse, ambulansebåt , brannvesen og politi rykte ut etter medling om trafikkuhell på fv 616 mellom Hauge og Ryland. Ambulansen som køyrde utfor vegen var på veg til ein pasient. Det var difor berre ein person i køyretøyet då ulykka inntraff. Det skal vere snakk om ei kvinne i 40-åra. Vedkommande vart send med luftambulanse til Førde sentralsjukehus.

Skadeomfanget er ikkje kjent.

Andreas Hamn og vennegjengen vart vitne til hendinga og fortel at ambulansen først køyrde i ein fjellvegg før den rulla utfor ein kant, ca. 30-40 meter før den stoppa.

Hendinga fann stad like før halv elleve torsdag kveld, like ved Løvikneset i følgje vitna.

-Eg, Martin Viken og Marcus Nyttingnes, sto og såg over på andre sida, då vi høryde eit smell. Så såg vi ambulansen rulla ned ca. 20 meter. Det første vi gjorde var å ringe 113, fortel Andreas Hamn. Han og vennegjengen blei bedt av operasjonssentralen om å springe til for å sjå korleis det hadde gått, men det tok så lang tid at dei måtte få naboar til å køyre seg.

- Då vi kom fram sto det allereie to bilar der frå før. Folka var nede med ambulansen og sa dei hadde det under kontroll og ba oss om å trekkje unna, fortel Hamn og seier dei tydeleg kunne sjå bulkar framme på køyretøyet. Vrakdelar frå ambulansen låg att på vegbana.

Like etter kom det luftambulansar og brannbilar til ulykkestaden. Ulykka skal ikkje ha fått konsekvensar for pasienten som skulle hentast.

Ulykka vert etterforska av Bremanger lensmannskontor.

... ...
Klikk for å aktivere kartet
+
-

Kilde: Statens Kartverk/Geodata AS

...
Vrakrestar låg att på vegbana etter ulykka Foto: Firdaposten-tipser

BILDE: Bilulykke ved Løvikneset

...

Stygg ulykke ved Løvikneset i Bremanger.

SJÅ BILDE HER


På forsiden nå


...

Arbeidarpartiet: Skulekutta må komme i Nordfjord

Lokalnytt Representantskapet til Arbeidarpartiet var ikkje så veldig konkret i kva dei meiner om skulebruksplan-framlegget. Les meir

...

- Det er ikkje vi som skal blø i skulekampen

Lokalnytt Floraordførar Bengt Solheim-Olsen meiner fylkesrådmannen sine forslag for kutt i den vidaregåande skulen er ei katastrofe. No forventar han tiltak frå Nordfjord. Les meir

...

Psykisk utviklingshemma dømd for vald

Lokalnytt Ein lettare psykisk utviklingshemma mann er ilagt bot og dømd til subsidiær fengselsstraff etter å ha slege til personellet i den verna bustaden der han budde. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.