Sogn og Fjordane har markert seg som motbakkefylke nummer ein, og Florø er med på bølgja med Åsen Opp, som er første løp ut.
Laurdag er dagen, og Krokane skule er startpunktet. Målgang er på toppen av Brandsøyåsen.Dette er niande gong at løpet vert arrangert, og som vanleg er det slik at mosjonsklassa startar først, mellom 12 og 14.30 må du vere på Krokane skule om du vil starte her.
Dei antatt raskaste startar til slutt, så konkurranseklassen startar frå klokka 15, med 30 sekundars intervall. Det vert delt ut t-skjorter til alle deltakande, det vert trekning av gåvepremier på startnummer, og det vert kiosk på toppen av Brandsøyåsen.
Firdaposten tok seg ei runde i byen for å sjå kva folk brukte det fantastiske vêret pinseaftan til.
Sjå bilete