Hovudutval for kultur sa tysdag nei til å støtte ein tredje runde av MGP. Dagen etter vart saka løfta opp i fylkesutvalet. Men saka falt, etter at ein Venstre-politikar frå Florø sa nei.
– Dette er veldig skuffande, konstaterer Frank Willy Djuvik (Frp) like etter at det negative vedtaket i Fylkesutvalet.
For det har vore intense dagar med lobbyering for Djuvik og dei andre MGP-tilhengjarane i fylkespolitikken.
Tysdag valde nemleg Hovudutval for kultur å ikkje løyve dei 750.000 kronene Hipphipp Flora søkte om. Utvalet gjekk også inn for å ikkje sende saka vidare til fylkesutvalet, slik dei har gjort dei føregåande åra.
Grunngjevinga i innstillinga til fylkesrådmannen var at MGP etter hans meining er for smalt. Det er «eit kommersielt arrangement med størst effekt lokalt, både for næringsliv og kulturliv. Avslaget er også grunna i hovudutvalet sitt budsjett som ikkje gjev rom for tilskot i den storleik det her var snakk om», skriv fylkesrådmannen.
Etter avslaget i kulturutvalet, vart saka likevel løfta opp i Fylkesutvalet onsdag ettermiddag, etter mykje lobbyering. Då la nemleg Djuvik, Nils P. Støyva (Ap), Åshild Kjelsnes (Ap) og Noralv Distad (H) fram eit felles framlegg om å løyve 600.000 kroner til MGP-arrangementet. Mangla ei stemme. Det det heile stod og fall på, var den eine stemma til florøværingen Marit Barsnes Krogsæter frå Venstre. Vi har førebels ikkje fått ein kommentar frå henne.