Politiet treng di hjelp etter to tjuveri i helga.
Natt til mandag braut ukjende gjerningsmenn seg inn i ein bil som stod parkert i Hesteneset, i nærleiken av Amfisenteret. Tjuvane fekk med seg eit større stereoanlegg.
I løpet av helga var det også innbrot i Florø mekaniske sin nye lagerhall på Botnastranda. Der fekk tjuvane med seg verktøy, i tillegg til eit låsesystem.
Politiet har få spor å gå etter, og ber difor om publikum si hjelp i saka.
- Om nokon har sett mistenkelege personar eller aktivitet i Hesteneset og på Botnastranda, må dei ringe oss slik at vi får følgt dette opp, understrekar stasjonssjef Robert Veseth ved Florø politistasjon.