Vestlandet kan forsvinne frå vêrkartet

Pinsevarselet svevar i det blå.

Liv Standal
Liv Paula Standal Profil E-post
Publisert 19.05.2012 kl 11:02 Oppdatert 19.05.2012 kl 11:02

Tips ein venn på e-post:

Neste veke går Forskarforbundet til streik dersom fagforeininga ikkje får innfridd krava sine i lønsforhandlingane gjennom hovudorganisasjonen Unio, melder forskerforum.no. Dei sit no i meklingar med staten hos Riksmeklaren og har frist på seg til midnatt onsdag 23. mai til å komme i hamn med forhandlingane. Greier dei ikkje det, vil mellom andre metereologane bli tekne ut i streik.

I første omgang vil streiken ramme vêrvarslinga for Vestlandet og kysten utanfor, som vert produsert ved Meterologisk Institutt i Bergen.

- Folk vil merke at det ikkje vert produsert noko vêrvarsel for Vestlandet ved at det ikkje vert symbol på kartet og ingen tekstar på Yr for Vestlandet eller bankane utanfor i den perioden det er streik. Det einaste som vil gå ut, er noko vi kallar "liv og verdiar", som er ei beredskapsteneste ved kuling og storm, men ikkje vanleg vêrvarsling, seier Terje Alsvik Walløe, statsmetereolog og leiar av Forskarforbundet sitt lokallag ved Metereologisk Institutt i Oslo.

Han legg til at det einaste som vil verte varsla under ei eventuell streik, er farleg vêr.

Dersom ei slik streik dreg ut og vert trappa opp, kan det innebere at Metereologisk Instiutt si Oslo-avdeling vert teken ut. Då vil vêrmeldingane i NRK forsvinne heilt.



På forsiden nå


...

Tilrår seks politidistrikt

Lokalnytt Onsdag vart framlegg til ny organisering i politiet overlevert til Justisdepartementet. Analysen føreslår seks politidistrikt i heile landet, med region Vest beståande av fylkene Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Les meir

...

Meiner bystyret braut lova

Lokalnytt Fleire bystyrerepresentantar krev lovlegkontroll av vedtaket om å lukke møtet om avlastingstilbodet til Joakim Osland (18). No har dei bede Fylkesmannen sjå på saka. Les meir

...

Måtte reddast ned frå Hornelen

Lokalnytt Braut foten - måtte hentast av redningshelikopteret. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.