...
Frå sirkusskulen Foto: David E. Antonsen

Brød og sirkus på FylkesFlora

Møtte du ikkje opp til FylkesFlora-messa i idrettssenteret laurdag, gjekk du glipp av noko.

David E. Antonsen
David E. Antonsen Profil E-post
Publisert 28.04.2012 kl 17:55 Oppdatert 28.04.2012 kl 17:59

Tips ein venn på e-post:

For det var ikkje akkurat eit myldrande folkeliv under messa, sjølv om det til tider var godt med folk. Då spesielt under sykkelakrobat Malte Knapp sitt sceneshow, og under Bjørn Jensen frå Salhusvinskvetten sitt spinnville show.

- Det var eit skuffande labert oppmøte, konstaterte messegeneral Per Øyvind Helle i Hipp etter at første dag av messa var over. For det er eit stykke opp til første messedag for to år sidan, då 1600 betalande kom for å sjå og oppleve.

- Messa i år er mykje betre og meir innhaldsrik enn då. Så det er skuffande for eigen del, men ikkje minst for utstillarane som har satsa ein del på denne messa, understreka Helle.

Og det er ikkje ei overdriving. Spar Florø og Spar Krokane delte til dømes ut gratis is, brus, kake og snop til ein samla verdi på vel 50.000 kroner. Og dei var ikkje dei einaste av verksemdene som satsa tungt.

Men dei som valde å ikkje gå, gjekk glipp av ein heil del prøvesmaking, gode messetilbod, sirkusshow og komedie og ansiktsmåling for dei minste. Men det er enno ikkje for seint å hive seg rundt.

- Søndag håper vi fleire vel å leggje turen innom messa. Det er ein glimrande måte å tilbringe ein søndag på, seier Helle.

...
Per Øyvind Helle Foto: David E. Antonsen

BILDE: FylkesFlora 2012

...

Mykje moro men labert oppmøte.

Sjå bilete her!


På forsiden nå


...

Tilrår seks politidistrikt

Lokalnytt Onsdag vart framlegg til ny organisering i politiet overlevert til Justisdepartementet. Analysen føreslår seks politidistrikt i heile landet, med region Vest beståande av fylkene Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Les meir

...

Skal trø seg trygge i trafikken

Sport – Det er framleis mogleg å melde seg på årets sykkelskule, seier leiar Geir Kristiansen i Florø CK. Les meir

...

Meiner bystyret braut lova

Lokalnytt Fleire bystyrerepresentantar krev lovlegkontroll av vedtaket om å lukke møtet om avlastingstilbodet til Joakim Osland (18). No har dei bede Fylkesmannen sjå på saka. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.