Kultursjef Anita Solbakken etterlyser kandidatar til Flora kommune sin kulturpris. Den blir som kjent delt ut på stadion etter borgartoget 17. mai. Fristen for å komme med forslag går ut over helga.
Det same gjeld den tverrkulturelle prisen som også blir delt ut 17. mai, og med same frist for å komme med forslag.
Kan ikkje komiteen sjølv ta initiativ til å finne kandidatar?
Jau, det er fullt høve til å komme opp med benkeframlegg i kulturutvalet, men vi ønskjer oss sjølvsagt innspel frå folk flest, lag og organisasjonar. Til fleire kandidatar, til betre er det, seier ho.
Seier du at det sist i april enno ikkje er komne inn forslag til kven som bør få desse prisane?
Vi har fått eit par telefonar, det er alt, fortel ho så seint som sist måndag.
Den aller første kulturprisen vart delt ut i 1978 og gjekk til den mangslungne kultur- og humørspreiaren Arvid Stavang og året etter til Svein Brandsøy for dei mange steinalderfunna. Så følgde fem år utan tildeling, og sidan har kulturprisen vore utdelt kvart år sidan 1985.
I fjor var det Bjarte Sindre som fekk prisen. Tverrkulturell pris var ikkje utdelt i fjor.
<\!s
Kva skjer? | ||