Kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien lova heilt ny løysing på ruteprogrammet under markeringa av tilbakekomsten søndag.
Mange møtte opp for å markere tilbakekomsten til Widerøe- etter tolv års fråvær.
Og då kommunikajsonsdirektør Richard Kongsteien tok ordet, nytte han først høve til å seie kor glad han er for å endeleg vere tilbake i Florø igjen, før han avslørte at det vil bli endringar i ruteprogrammet som er sett opp i dag.
- Det blir to fly ståande på Florø Lufthamn over natta, seier Kongsteien, til applaus frå forsamlinga.
I tillegg vil Widerøe auke kapasiteten frå fem til seks daglege avganger til Bergen, og frå fire til fem avganger til Oslo.
Endringane vil i tre i kraft etter sommaren.
Det har vore mykje oppstyr kring tildelinga av konsesjonen i Florø, blant anna har DAT klaga Widerøe inn for Samferdselsdepartementet.
- Akkurat no kjenst oppstyret kring anbodet som gamalt nytt. No er det opninga og gleda for å vere tilbake som rår og vi ser framover, seier Kongsteien og legg til;
- Det vil alltid vere ein viss grad skepsis når ein ny aktør tek over, men vi skal sørge for at brukarane ikkje blir skuffa, forsikrar han.
Du kan lese meir om markeringa i tysdagsavisa.
Bil-, båt og fritidsmessa "BERRE DIGG" vart arrangert i havnebassenget i Florø laurdag.
Stor bildeserie her!Lokal fotball Stefan Aase stod for to straffemål då Florø SK vann mot Lyngbø laurdag. Les meir