...
LEIARDEBUT: Mona Eide Onstad (15) tek over leiarrolla i eit av dei meir fargerike ungdomspartia i Flora. Arkivfoto: Liv Standal

Mona tek over i Sosialistisk Ungdom

FLORØ: Mona Eide Onstad (15) tek over som leiar av den sosialistiske ungdommen i Flora.

David E. Antonsen
David E. Antonsen Profil E-post
Publisert 23.02.2012 kl 00:01 Oppdatert 23.02.2012 kl 08:35

Tips ein venn på e-post:


Det vart klart etter Flora SU sitt årsmøte 16. februar. Samstundes vart det valt nytt styre.

Blir spanande

Og Eide Onstad gler seg til å ta over leiarrolla.

Eg synest det blir veldig spanande å ta over i Sosialistisk ungdom. Det er eit stort ansvar, men det blir veldig gøy. Vi er ein fin gjeng, seier Mona Eide Onstad.

Og ho tek over eit ungdomsparti som engasjerer fleire og fleire unge.

Vi har vore nede ei stund når det gjeld medlemstalet, men etter valkampen verkar det som om fleire og fleire har lyst til å bli med, seier Onstad.

Ved kvart møte dukkar det gjennomsnittleg opp mellom åtte og ni medlemmer, men det er likevel ikkje det største ungdomspartiet i Flora. For til ulikskap frå mesteparten av ungdomspartia i fylket gjekk medlemstalet i SU, fylket sett under eitt, nedafrå 69 i 2010 til 65 etter valet i 2011.

Aktivt ungdomsparti

Lokallaget i Flora vart skipa for tre år sidan. Men om det framleis ikkje er av dei større partia i buketten av lokalungdomsparti, er Flora SU ein av dei mest aktive og fargerike.

I 2011 la lokallaget ned mykje i antirasistisk arbeid, og arrangerte mellom anna fakkeltoget 9. november som markerte krystallnatta. Vel 80 personar deltok på denne marsjen gjennom gatene i Florø. No står 8. mars-markeringa for døra, før 1. mai-markeringa.

Og Eide Onstad lovar å halde aktivitetsnivået oppe.

Vi har hatt godt med aktivitet i 2011. På den måten får vi fleire unge til å engasjere seg, seier Eide Onstad.

Men ho tek ikkje på seg denne jobben åleine. Med seg i styret har ho nestleiar Susanne Odijk Solbakken, Eivind Lystad, Eivind Andreas Standal Moen og Olav Anders Totland.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

300 har kjøpt den – usett

Motormagasin VW nye småbil starter på 123.400,- Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.