Bygg ein verkeleg kystveg med bruer til Grøneng og Terøy og vidare veg til Botnane med ferje derifrå til Bremanger. Det vil vere i Flora si beste interesse, seier Øivind Fjæreide
Med bru over til Terøy og veg vidare til Årebrot, vil ein ha veg, industri- og solvendt byggeland for all framtid, legg han til.
Greitt også for Svelgen
Dette må vel bli ein konkurrent til vegprosjektet som skal utløyse 45-minuttregionen?
I og for seg ikkje. Svelgen-området har snart tunnelen til Bortne og dermed til Rugsundøy, uavhengig av dette. Med mitt forslag får ein også opprusta vegen over Bremangerlandet, noko som i alle fall trengst. Deretter går sambandet frå Rugsundøy til Vemmelsvik, i tråd med forslaget til 45-minuttregionen sitt forslag, seier han.
Kommunesamanbinding
I tillegg er det ein god kommunesamanbindingsveg, den dagen det blir aktuelt med samanslåing av Flora og Bremanger, legg han til.
Fjæreide fortel at han snakkar for grunneigarane på Terøy og Litle Terøy som begge applauderer tanken.
Der får ein utløyst 1000 mål industriareal og om naudsynt ein kilometer djupvasskai utan konflikt. Går ein mot Rota er dei fleste redd løpet er køyrt i høve til å få til noko som kan skåne sentrumsområdet mot skjemmande og støyande utbygging, legg han til.
Mange pluss
Fjæreide meiner Terøya er alternativ til Rota når det gjeld industriutbygging. Der er større plass, få eller ingen konfliktar og der går alt høgspentlinje over øya.
Bru over til Saga vil løyse ut Årebrot-området for framtidig, bymessig utbygging og sikre tomte- og industriareal for all tenkeleg framtid.
Tenk stort
- Eg meiner det kan tenkast stort her. Politikarane må sjå generasjonar framover, og ikkje nøye seg med valperiodar. Utviklinga vil skje på kysten, og då må kommunikasjonane vere deretter, seier Fjæreide.
Han ser det også som ei framtidig vidareføring av Dalsfjordsambandet, kombinert med bru over Førdefjorden (Ålesundet).
Nye innlegg | ||
Motormagasin Petter Solberg var raskest på fjerde fartsprøve i Rally Hellas fredag og klatret til tredjeplass sammenlagt. Les meir
Nye innlegg | ||
Nye kommentarar