Fjord1 sitt utspel til fylkeskommunen slo ikkje igjennom. Ein konsekvens av det er at «Tansøy» mest truleg vert lagt ut for sal.
I midten av januar sendte Fjord1 inn eit utspel til fylkeskommunen der dei bad om å sjå kontraktane i Sognefjorden og Flora-bassenget i samanheng. Målet med utspelet var å sikre tre kombibåtar i Flora-bassenget ved å bytte om på «Sylvarnes», som går i Sogn med «Tansøy», som går søre rute og Kystvegekspressen.
Uaktuelt
Fylkeskommunen seier at det ikkje er aktuelt å sjå kontraktane i samanheng, seier Stig Kristoffersens, administrerande direktør i Fjord1. Han fortel at fylkeskommunen oppfattar forslaget som ei vesentleg endring i kontrakten.
Fjord1 har og sett saman ei skisse med tre kombibåtar, der dei har lagt opp til at Kystvegekspressen skal ha kombinert båt.
Når det gjeld å bruke tre kombibåtar, har dei sagt det ikkje er ei aktuell løysing, utan å komme med noko grunngjeving, seier Kristoffersen.
Diskusjonen mellom Fjord1 og fylkesadministrasjonen om kva materielle som skal nyttast går føre seg framleis. Fram til den er avslutta vil ikkje fylkesdirektør Velaug Veum kommentere saka ovanfor Firdaposten og viser i staden til informasjon som ligg på nettsidene til fylkeskommunen. Der opplyser dei at det enno ikkje er avklart om «Vetlefjord» eller ein eittskrogsbåt vert sett inn i rute, men at det seinast 1. mai 2013 skal vere to bilførande katamaranar.
Det er veldig dramatisk å gå frå tre kombibåtar til ein i eit heilt år, men det er det opp til fylkeskommunen å vurdere, understrekar Kristoffersen.
Må selje
Kristoffersen stadfestar at ein konsekvens av rutebåtanbodet medførar sal av kombibåten Tansøy.
Viss kabalen til fylkeskommunen legg førar til berre to kombibåtar, vil det medføre at «Tansøy» blir til overs og dermed lagt ut for sal. Det er ein konsekvens av fylkesadministrasjonens vedtak slik vi opplever det i dag seier Kristoffersen. Han synst det er veldig uheldig at «Tansøy» må forlate regionen.
Den er den beste kombibåten vi har og den nyaste som er bygd. Det ligg mykje potensial i denne båten som gjer at ein må tenkje seg om, men det er vår oppdragsgivar, fylkeskommunen, som bestemmer og det må vi halde oss til avsluttar Kristoffersen.
Nye innlegg | ||
Motormagasin Petter Solberg var raskest på fjerde fartsprøve i Rally Hellas fredag og klatret til tredjeplass sammenlagt. Les meir
Nye innlegg | ||
Nye kommentarar