...
TYDELEGE SPOR: Spor i nysnø etter ruteknusing på Krokane.

Spora i nysnøen enda i «labyrint»

Spora i nysnøen etter ruteknusaren på Krokane natt til torsdag 2. februar var lette å følgje. Utfordringa til politet er at dei enda i eit hybelhus i Florø sentrum.

Publisert 10.02.2012 kl 00:01 Oppdatert 10.02.2012 kl 17:42

Tips ein venn på e-post:


Nysnøen avslørte nøyaktig kor personen som gjorde herværk ved å knuse ei glasrute natt til torsdag, tok vegen etterpå.

Det var faktisk berre eitt einaste spor i snøen gjennom Florø sentrum. Og det kunne politiet lett følgje etter at dei fekk melding om ruteknusinga klokka 02.15.

Vi fekk melding om at det var komen ein stein inn gjennom soveromsglaset til ein kar. Men det var ikkje folk i soverommet då steinen på storleik med ein fotball dundra gjennom ruta, sa operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Einar Vereide.

Det vesle brotsverket kan sjå ut til enten å vere utført i beste Agatha Christie-stil eller i «nedsnødd» mental tilstand. Spora leia inn til ein slags labyrint, eit hybelhus, der det viste seg å vere ressurskrevjande for politiet å finne ut kven den skuldige var.

Vi har ikkje kunna prioritere denne etterforskinga, vedgår politistasjonssjef Robert Veseth.

Sidan det her ikkje var personskade, så er dette definert som eit reint skadeverk, understrekar han.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Avanserer i Rally Hellas

Motormagasin Petter Solberg var raskest på fjerde fartsprøve i Rally Hellas fredag og klatret til tredjeplass sammenlagt. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.