Bystyret forkasta åttetalssti-forslaget.
Det vart klart under bystyremøtet torsdag, etter at Arbeidarpartiet føreslo å ta åttetalstien inn i sentrumsplanen att. Men vedtaket fekk berre støtte frå Framstegspartiet. Sjølv Sosialistisk venstreparti var imot.
Debatten denne runden var langt rolegare enn då saka var oppe i 2010. Debatten har også rasa på Firdaposten.no, etter at det vart klart at Arbeidarpartiet ville ha ein ny runde.
Men trass i at det tydelegvis er mange og sterke meiningar om saka, gjekk debatten heller roleg føre seg i bystyret. Hovudsakleg diskuterte representantane konflikten mellom fellesskapet sine ønskje og privat eigedomsrett. Frank Willy Djuvik (Frp) ville i det minste sjå på forslaget før ein forkasta det.
- Det kunne i det minste ha vore spanande å fått forslaget utgreidd, sa Djuvik. Han løfta fram alternative løysingar enn sti gjennom private hagar, til dømes ein veg over brygger.
Men saka er endeleg ikkje avgjort, sjølv om saka var oppe i bystyret. Sentrumsplanen skal nemleg ut på offentleg høyring, der folk kan seie sitt om forslaget.
Nye innlegg | ||
Motormagasin Petter Solberg var raskest på fjerde fartsprøve i Rally Hellas fredag og klatret til tredjeplass sammenlagt. Les meir
Nye innlegg | ||
Nye kommentarar