Gang -og sykkelvegen kostar dobbelt så mykje som fylkeskommunen har løyvd. - Uaktuelt å vurdere andre alternativ, seier Frank Willy Djuvik i Frp.
I eit nytt kostnadsoverslag frå Statens vegvesen kjem det fram at gang -og sykkelvegen i Thor Solbergsveg og Kinnvegen vil koste dobbelt så mykje som fylkeskommunen har løyvd til prosjektet.
Tidligare låg kostnadsoverslaget på 27 millionar og fylkeskommunen løyvde 29,8 millionar kroner til prosjektet. Den totale prislappen ligg no på 62 millionar kroner. Det vil sei at det manglar 32,2 millionar kroner.
- Dette er pengar vi ikkje har i dag, seier Frank Willy Djuvik, fylkesleiar for Frp i Sogn og Fjordane.
Likevel er det heilt uaktuelt for han, Frp og Høgre å vurdere andre alternativ enn å fullføre prosjektet slik som det var planlagd i utgangspunktet.
- Eg har sjølv blitt påkøyrd
Hovudformålet med prosjektet er å sikre trafikktryggleiken for mjuke trafikantar i området. Prosjektet omfattar 1760 meter fortau mellom Florø sjukehus og Florø lufthamn som inkluderar utbetring av eksisterande veg, nye avkøyrsler, drensanlegg, omlegging av tele-,straum- og VA-anlegg og nytt lysanlegg for strekninga.
- Kinnvegen er ein av dei mest trafikkfarlege vegane i fylket. Det har eg sjølv erfart, seier Djuvik og fortel at då han gjekk på barneskulen vart han påkøyrd medan han sykla langs vegen. Det er derfor viktig for han at det skal vere trygt for mjuke trafikkantar å ferdast der.
Notatet med kostnadsoverslag og alternativ frå Statens vegvesen er oversendt Fylkesutvalet og er til handsaming onsdag ettermiddag. Av ni medlem i Fylkesutvalet er fire av desse frå Florø. Djuvik er ein av dei.
- Eg har eit godt håp om at vi skal påverke fylkesadministrasjonen til at vi
finn ei løysing for å fullfinansiere prosjektet, men det kan bli ein lang og
hard kamp for å få det på plass medgir Djuvik og seier at det allereie har
gått ut ein del ekstra kostnader på "Dagmar".
- Det kjem til å bli tøft å klare å finne pengane, men eg har snakka med
ordførar og rådmannen i Flora og for oss er det berre eit alternativ og det
er det første, konstanterer Djuvik.
Delutbygging og fartsdemping
Dei tre alternativa som statens vegvesen kjem med er:
Alternativ 1. Full utbygging. Det vil koste 47 millionar og krev ekstra løyving på 32,2 millionar. Vegvesenet legg vekt på at dette alternativet gir best trafikktryggleik, kostnader vil bli lågare i forhold til entreprenør og byggherrekostander samla og vil gi best økonomisk gevinst på lang sikt.
Alternativ 2a omfattar utbygging av to delstrekningar frå kryss med Thor Solbergsveg og mot sentrum. Det vil løyse trafikktryggleiken på delar av strekninga, kostar 32 millionar og krev ei ekstra løyving på 17,2 mill. Dette alternativet vil ikkje løyse trafikktryggleiken heile vegen. Det blir og peika på at det gir større økonomisk usikkerhet og at det er uvisst om det vil medfølge ekstrakostnader i samband med avslutning og tilpassing til eksisterande veg.
Alternativ 2b omfattar og delutbygging som i 2a. Alternativet løyser den verste delen av strekninga der det er 30 km/t fartssone og dårleg tilhøve for gåande og syklande. I dette alternativet må vegvesenet grave grøft der Flora kommune har tilkoplingspunkt for overvatn. Kostnaden på dette alternativet vil vere 21 mill. og krev dermed ekstra løyving på 6,2 mill. Ulempene for dette alternativet er likt alternativ 2a.
Alternativ 3 er det rimlegaste og er eit forslag som går ut på å etablere 30 km/t fartssone og fartshumpar på heile strekninga i staden for å byggje fortau. Her peikar vegevesnet på at det ikkje vil gi betre tilhøve for mjuke trafikkantar, men konsekvens ved eventuelle trafikkulykker kan bli mindre på grunn av lågare fart. Kostnadane vil her vere på 1 million og krev dermed ikkje ekstra løyvinger.
Kva meiner du om saka? Sei di meining i kommentarfeltet under.
Nye innlegg | ||
Motormagasin Petter Solberg var raskest på fjerde fartsprøve i Rally Hellas fredag og klatret til tredjeplass sammenlagt. Les meir
Nye innlegg | ||
Nye kommentarar