...
Fjordkryssinga er planlagd ved den raude stipla linja. Eimhjellen meiner beste staden for fjordkryssing er ved den svarte stipla linja. Foto: Printmap Kystatlas

Vil ha kompromiss for Kystvegen

Hotelleigar Jostein Eimhjellen i Svelgen vil ha endra fjordkryssingsplanane for Kystvegen Ålesund-Bergen.

Arve Olav Solbakken
Arve Solbakken Profil E-post
Publisert 08.02.2012 kl 11:48 Oppdatert 09.02.2012 kl 13:48

Tips ein venn på e-post:

...
Jostein Eimhjellen. Foto: Privat

I eit lesarinnlegg i Firdaposten hevdar han følgjande:

For raskare realisering av dei totale vegutfordringane vi har for kystveg Ålesund - - Bergen, bør ein prioritere flaskehalsane først, og ikkje minst traseval som fører til mest mogeleg trafikk inn på denne vegen .

Blir E39 no lagt til Stryn i staden for Lote- Anda, vil ei bru over ytre Nordfjord framstå i større grad som ei fornuftig og riktig løysing.

Til no har vi etter planer for 45-minuttsregionen, kun utgreidd eit prosjekt med ny kort fergje frå Rugsundøy til Vemmelsvik til erstatning for ferja frå Oldeide til Måløy, med ferja frå Stårheim til Isane i drift som i dag.

- Når no styret i kystvegen Ålesund - Bergen begynner å argumentere for at det er bru vi helst vil ha , så er det på tide vi set alle krefter inn for å få prosjektert eit seriøst brualternativ. Skal vi klare å få finansiert ei bru, blir det ein realistisk føresetnad at brua må erstatte både ferjesambandet Oldeide - Måløy og Stårheim - Isane. Blir det no etter planer for 45-minuttsregionen investert 350 mill kr. i tilførselsvegar til ei ny kort ferje mellom Rugsundøy og Vemelsvik , med tanke for aksen Måløy- Florø, så vil ikkje dette harmonere med eit framtidsretta brualternativ. Brua må plasserast slik at vi forsvarleg også kan avikle ferja Stårheim- Isane. Då bør den gå frå Otteren til Bryggja, meiner han.

Det vil då måtte bli eit kompromiss mellom ytre og indre delar av Bremanger kommune. Folk frå ytre Bremanger må då køyre heilt til Bryggja for å komme seg til Måløy, medan folk frå Isane-Ålfoten må til Bryggja for å komme seg til Eid.

Les heile lesarinnlegget i Firdaposten torsdag.

Kva meiner du om dette framlegget. Sei di meining i kommentarfeltet under artikkelen.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Bygdas rånere

Motormagasin En sjelden samling kjøretøy inntok rånerplassen på Tynset. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.