Førre gong åttetalsstien rundt Store- og Likkjevatnet var oppe i Bystyret gjekk konfliktnivået i taket. No ønskjer Arbeidarpartiet ta opp saka att, om enn på ein annan måte enn før.
For då åttetalsstien var oppe i bystyret i desember 2010, gjekk fleire tidlegare bystyrerepresentantar sterkt imot forslaget. Til slutt bestemte bystyret seg rett og slett for å ta stien ut av sentrumsplanen.
Men no ønskjer Arbeidarpartiet å få åttetalsstien inn i sentrumsplanen att. Og dei håper samstundes dei kan unngå liknande temperaturnivå som førre gong saka var oppe.
– Vi håper saka har modna litt, slik at vi kan gje den ein reell sjanse. Vi i Arbeidarpartiet ønskjer å legge opp til minst mogleg konflikt om åttetalsstien. Det går nemleg an å legge opp til ein sakleg dialog med private interesser i dei aktuelle områda om dette.
Det seier Karianne Torvanger i Arbeidarpartiet. Ho og partikollega Ola Teigen vil ta opp åttetalsstien på nytt under behandlinga av Sentrumsplanen i bystyremøtet på torsdag.
Kva meiner du om saka? Ta debatten her!
Nye kommentarar