...
KJØYRER: Lærar ved innvandrarsenteret Kari-Ann Søreide vart gjort merksam på skrivefeilen til Toyota av eleven sin Mohammed.

MGP-crewet "kjøyrer" Toyota

Då elevane ved Innvandrarsenteret i Flora las på bilane Toyota Førde har lånt til MGP-crewet denne veka, stussa dei på kva det ukjende ordet "kjøyrer" betydde. Få timar seinare hadde bilfolket retta opp nynorsk-fadesen.

Publisert 03.02.2012 kl 13:31 Oppdatert 04.02.2012 kl 09:28

Tips ein venn på e-post:


- Fleire av elevane såg på bilane. Dei stussa litt på kva som var skrive, då dei ikkje kjende att ordet, sa Bente Nygård ved KF Innvandrarsenteret i Flora til Firdaposten.

Innvandrarsenteret held til i same bygget som Melodi Grand Prix, altså på Idrettssenteret i Flora.

Difor spurde dei læraren sin, Kari-Ann, kva dette ordet betydde. Ho måtte vedgå at det ikkje skrivast kjøyrer, korkje på nynorsk eller på bokmål.

- Her verkar det som Toyota Førde har heilgardert seg, og skrive både på nynorsk og bokmål i same slengen, seier Bente Nygård ved KF Innvandrarsenteret i Flora.

Men ingen skal seie at Toyota Førde ikkje tok rettskrivingstabben på alvor då dei blei klar over den.

- Eg kontakta dei som laga bildekorasjonen sporenstreks, fekk produsert nye og korrekt stava klistremerke, sette meg i bilen og køyrde rett til Florø. Ein dryg time seinare var bilane dekorert om - no i korrekt nynorsk, seier dagleg leiar Stein Vidar Vie, som ser litt det komiske i saka.

- Her gjekk det rett og slett litt for fort i svingane, og kvalitetssikringa blei ikkje som den skulle. Men no er alt på stell - slik det alltid er med Toyota, reklamerer han.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Avanserer i Rally Hellas

Motormagasin Petter Solberg var raskest på fjerde fartsprøve i Rally Hellas fredag og klatret til tredjeplass sammenlagt. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.