Nysnøen avslørte nøyaktig kor personen som gjorde herværk ved å knuse ei glasrute natt til torsdag, tok vegen etterpå.
Det var faktisk berre eitt spor i snøen gjennom Florø sentrum. Og det kunne politiet lett følgje etter at dei fekk melding om ruteknusinga klokka 02.15 natt til torsdag.
– Vi fekk melding om at det var komen ein stein inn gjennom soveromsglaset til ein kar som bur litt utanfor Florø sentrum, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Einar Vereide til NRK.
Til alt hell var ikkje mannen i soverommet då steinen på storleik med ein fotball dundra gjennom ruta.
Politipatruljen følge fotspora i snøen til ein hus i Florø sentrum og politiet vil i løpet av torsdagen finne den steinkastande personen som var på nattevandring.
Kan hende personen har vore så "nedsnødd" at han ikkje hugsar brotsverket.
Motormagasin I løpet av helgen har tyver stjålet verktøy, gressklippere og ATV’er for flere hundre tusen kroner. Les meir
Nye kommentarar