- For ein velkomst, heilt fenomenalt, seier ein imponert Per Sundnes.
- Heilt fantastisk, for ett vêr utbryt Per Sundnes entusiastik og slår ut med armane.
-Ein fryd
Han ankom Florø onsdag formiddag saman med artistane og er heilt i hundre etter mottakinga.
- For en velkomst vi fekk, det er heilt fenomenalt, seier Sundnes. Han og artistane vart møtt av 80 barnehagebarn og nesten 300 elevar frå Florø Barneskole på flyplassen og utafor Quality Hotel.
- Ungane er så entusiastiske, det er ein fryd, seier Sundnes. Han tok seg god tid til å helse på ungane som møtte opp og delte velvillig ut klemmar som om dei var gamle bekjente.
-Betre enn i fjor
I to-tida var han med ut i redningsskøyta "Emmy Dyvi" for å film tl presentasjonsvideoen frå Florø. Medan Håvard Lothe Band og Yaseen var tøffe nok til å ikle seg overlevingsdrakter og hoppe i sjøen, stilte Sundnes i redningsselskapets uniform.
Sundnes kan fortella at ingen av artistane klarte å sitte i ro etter ankomsten.
- Dei forsvann ut for å ta ein nærare titt på byen, smiler han.
Om sjølve arrangementet og mottakinga har han ein ting å seie.
- Det er enda betre enn i fjor. Arrangørane har verkeleg gått eit hakk opp, konstanterer Sundnes og peikar på at han er svært oppteken av at inngangen til delfinalen skal så bra som mogeleg.
- Og det skal Florø ha, dokke "bjuder" på sakene, og det er kjempegodt å vere tilbake avsluttar Sundnes.
Motormagasin I løpet av helgen har tyver stjålet verktøy, gressklippere og ATV’er for flere hundre tusen kroner. Les meir
Nye kommentarar