...
Kystvegen Måløy - Florø AS. Frå venstre styreleiar Karl Vidar Førde, Bengt Solheim Olsen, Jorunn Frøyen, Janne Midtbø, Reidar Sandal, Morten Hagen. Foto: Privat

Sandal inn for Kystvegen Måløy - Florø AS

Reidar Sandal er innleigd konsulent for Kystvegen Måløy - Florø AS.

Anita Ingebrigtsen
Anita Ingebrigtsen Profil E-post
Publisert 31.01.2012 kl 14:35 Oppdatert 31.01.2012 kl 14:39

Tips ein venn på e-post:


Styret i Kystvegen Måløy–Florø AS har engasjert Reidar Sandal i Sunnfjord Næringsråd som konsulent. Han skal arbeide med strategiske oppgåver og dessutan ha nettverksbygging og kommunikasjon som viktige arbeidsfelt. Elles vil han utføre oppgåver fastsette av styret.

I styret sit styreleiar Karl Vidar Førde, og styremedlemmene er Morten Hagen, Bengt Solheim Olsen, Jorunn Frøyen og Janne Midtbø. Dei nye ordførarane i Bremanger, Vågsøy og Flora gjekk inn i styret hausten 2011.

Kystvegen Måløy–Florø AS blei oppretta i fjor vår og skal arbeide for å få realisert kystvegen frå Måløy via Svelgen til Florø.

– Vi er veldig glade for å ha fått Sandal med på prosjektet. Han har kontaktane og kjenner systemet. Han er ein erfaren kar og kjenner prosjektet godt frå før. Sandal kjem til å sette opp ein strategiplan, på korleis ein skal handtere prosjektet best muleg framover, seier styreleiar Karl Vidar Førde.

Førde presiserer at styret kjem til å halde trøkket i prosjektet oppe, og at det er viktig å bruke tida godt. 996 millionar kroner vil den nye kystvegen komme til å koste. Halvdelen skal vere brukarfinansiert.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Stjal 40 gressklippere

Motormagasin I løpet av helgen har tyver stjålet verktøy, gressklippere og ATV’er for flere hundre tusen kroner. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.