...
Kvinner i alle aldre stilte opp på Zumbathon i Florahallen. Foto: Anne Marit Seljeseth

Dansa i fire timar for kreftsaka

Nesten 100 ivrige og fokuserte kvinner stilte opp for å danse for kreftsaka laurdag.

Publisert 29.01.2012 kl 10:39 Oppdatert 01.02.2012 kl 13:51

Tips ein venn på e-post:

Laurdag var det duka for zumbathon i Florahallen og 92 personar stilte opp for å danse for ei god sak. Foruten kostnader for leige av hall og annonsering går pengane frå inngangsbillettane direkte til Den Norske Kreftforening.

- Det er veldig overveldande. Eg hadde ikkje trudd det skulle komme så mange, smiler instruktør Jeanne Kjerpeseth.

Saman med tre andre zumbainstruktørar frå Bremanger og Florø sto ho bak den fire timar lange zumbathonen.

Det heile kom i gang etter at ein av deltakarane frå Jeannes zumbatimar fekk kreft.

- Ho inspirerte meg til å gjennomføre dette, seier Kjerpeseth og held fram:

- Det er så mange som får denne sjukdommen. Det minste vi kan gjere er å hjelpe litt til.

-Er det ikkje slitsomt å trene Zumba fire timar i strekk?

- Nei, det er det som er så bra med Zumba, du gløymer at du trenar, smiler Judith Ekerhovd , ein av instruktørane frå Bremanger som tok turen til Florø for å leie zumbathonen.

- Zumba er berre heilt herleg, og så passar det for folk i alle aldre, kjem det frå Charlotte Skjølberg som knapt klara å stå i ro når musikken ljomar ut i frå høgtalarane.

...
Zumbainstruktør Jeanne Kjerpeseth tok intiativ til Zumbathon i Florø. Foto: Anne Marit Seljeseth

BILDE: Zumbathon Florø 2012

...

92 sporty kvinner dansa Zumba i fire timar for å støtte kreftsaka.

Sjå bilete


På forsiden nå


...

Tilrår seks politidistrikt

Lokalnytt Onsdag vart framlegg til ny organisering i politiet overlevert til Justisdepartementet. Analysen føreslår seks politidistrikt i heile landet, med region Vest beståande av fylkene Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Les meir

...

Meiner bystyret braut lova

Lokalnytt Fleire bystyrerepresentantar krev lovlegkontroll av vedtaket om å lukke møtet om avlastingstilbodet til Joakim Osland (18). No har dei bede Fylkesmannen sjå på saka. Les meir

...

Måtte reddast ned frå Hornelen

Lokalnytt Braut foten - måtte hentast av redningshelikopteret. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.