Kåre Jarl Langeland påpeikar at vindkraftmotstandarane har gjort lokalsamfunnet ei stor teneste med sin motstand.
- Hadde ikkje vindkraftmotstandarane gått så høgt på bana med sin kritikk, så hadde Bremanger kommune fått eit langt dårlegare forhanldingsresultat med utbyggarane Zephyr og Vestavind Kraft, sier den frittalande Venstre-mannen, som sjølv kjem til å Guleslettene-anlegget midt i synsfeltet frå si eiga stove på Ytrehus i Midt-Gulen.
HAn ofrar gjerne ein vindmøllefri utsikt mot å få næringsaktivitet og arbeidsplassar i eigen kommune.
- Vi er og kjem til å bli ein stor råstoffleverandør til kraftindustrien. Det kan vi ikkje gjere som mykje med, påpeikar han etter torsdagen klare ja-fleirtal for vindkraft.
Han etterlyser eit statleg regime som gir retningslinjer for å setje ein pris på allemannsretten i slik saker.
- Det finst for vasskraftbransjen, men her må vi sjølve forhandle fram kva allemannsretten er verdt for lokalsamfunna, seier han.
Til slutt viser han til at lokal forankring også i kraftselskapa spelar ei viktig rolle. Han var med i forhandlingsutvalet til Bremanger kommune og opplevde at dialogen med Vestavind Kraft på Sandane var betydeleg lettare enn med Zephyr.
Motormagasin I løpet av helgen har tyver stjålet verktøy, gressklippere og ATV’er for flere hundre tusen kroner. Les meir
Nye kommentarar