...
Grunnsteinen til fiskerikaia i Kalvåg vart lagt ned av ordførar og borna i Kalvåg barnehage 8. desember 2011. Foto: Anita M. Ingebrigtsen

Grunnsteinen lagt ned

Bygginga av fiskerikai i Kalvåg er i gang. Ordføraren meiner investeringa kan skape opp mot 70 nye arbeidsplassar.
- Endeleg er dagen her, vi har arbeidd med dette lenge, og i dag er vi svært stolte, seier prosjektleiar Monica Sande.

Anita Ingebrigtsen E-post
Publisert 08.12.2011 kl 18:18 Oppdatert 08.12.2011 kl 18:41

Tips ein venn på e-post:

...
Monica Sande, prosjektleiar for forprosjektet til fiskerikai i Kalvåg. Foto: Anita M. Ingebrigtsen

- Det er eit viktig prosjekt med tanke på nye arbeidsplassar. Vi kan få opp mot 70 nye arbeidsplassar i forbindelse med utbygginga av ny fiskerikai i Kalvåg. Det er stort behov for kaiplass, lagerkapasitet og servicebygg for fiskarane. Vi håpar at denne utbygginga kan byggje opp eit robust og godt miljø med kunnskapsarbeidsplassar, seier ordførar Karl Vidar Førde.

Det var Kalvåg barnehage som fekk æra av å legge ned grunnsteinen saman med ordførar Karl Vidar Førde. I grunnsteinen låg alle teikningane, og planen for prosjektet. Alle ungane la i tillegg ned fiskar som dei hadde laga sjølve, som symbol på framtidig vekst for fiskerinæringa i Kalvåg. Kanskje nokre av ungane kjem til å arbeide nettopp her når dei vert vaksne.

I dei to åra forprosjektet har vart, har Monica Sande frå Svelgen vore prosjektleiar. No overlet ho hovudansvaret til Jarle Hauge frå Berle, som arbeider ved teknisk drift i Bremanger kommune.

- Det vert mykje jobbing framover, og eg ser svært lyst på dette prosjektet. Sprenging startar like over helga, entreprenøren er snart klar. Når det vert full drift vil det vere større behov for at eg er tilstades heile tida. Vi håpar kaia kan bidra til at fleire verksemder vel å etablere seg her i Kalvåg. Industriområdet har alt ein treng til å starte opp industri, vatn, straum og alt anna, seier Hauge.

Les meir i papiravisa laurdag.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Må reise mer kollektivt

Motormagasin Antallet kollektivreiser må dobles til en milliard i året for å unngå trafikkaos i de største byene i Norge. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.