Nesten 90 personar, med smått og stort, var inviterte til kystkulturfesten før påske. Dei 23 barnehageungane var sjølvskrivne gjester, likeeins foreldre, søsken og besteforeldre. Barnehagestyrar Astrid Olsbø leia først ungane gjennom eit rikhaldig program med mange flotte songar og små skodespel. Deretter var det tid for kunst, der festdeltakarane fekk sjå mange flotte kunstverk med maritimt preg, mellom anna innslag frå ”Taremare-by”. Det aller meste på utstillinga var laga av ungane i barnehagen, men der var også krabbe-og krepseteiner, seisa kuler og nokre skriftlege produkt laga av skuleelevane ved Kolset oppvekstsenter.
Så var det tid for mat, kystmat på ståande buffet i gymsalen. Her var det tørka sild, kubbesild, flatbrød, fiskeburgarar, fiskepizza, grøn salat og poteter, og kaffi, saft og kråkebolle (risbolle) til dessert. Ungane hadde på førehand vore med og laga all maten, med litt hjelp frå dei vaksne. Det var ikkje fritt for at dei var stolte over resultatet, og det hadde dei også all grunn til.