Det krydde av store nissar, små nissar og mus på scena i samfunnshuset laurdag kveld. Det var nemleg klart for Jomentum sin julekonsert.
Publikum vart møtt med alt frå små mus som pilte rundt på scenekanten til sjølvaste nissefar med diger vom, små søte nissar og også litt større nissar. Også ein snømann tok seg opp på scena iløpet av kvelden. Og jammen dukka ikkje sjølvaste Rudolf, reinsdyret til nissen opp.
Konserten innehaldt alt frå kjende og kjære julesongar, som "Eg såg mamma kysse nissen" til "Støveldans", mest kjend i frå "The Julekalender", til underhaldande skodespel som sørga for ein fin og naturleg samanheng mellom songane.
Om nokon i publikum ikkje hadde julestemning før dei kom inn døra, fekk dei det garantert etter ein og ein halv time med undehaldande julekos og song frå store og små i Jomentum.