Kunstnaren Bjørn Hegranes døydde onsdag kveld, 85 år gammal.
Med Bjørn Hegranes sin bortgang har Florø og Sogn og Fjordane mista ein av sine største kunstnarar. Bjørn Hegranes blei fødd i Florø 15. juni 1926. Han utdanna seg innan grafikk og biletkunst ved Vestlandets kunstakademi i periodane 1954-1955 og 1959-1960.
Fleire av Hegranes sine arbeid heng i dag i Nasjonalgalleriet i Oslo, og det var motiv frå vestnorske kystlandskap som prega kunsten hans i tidlegare år. Men på slutten av 1960-talet fekk Hegranes eit møte med spansk kunst som gjorde skjellsetjande inntrykk på han, og han la grafikkarbeid til side og byrja jobba med materialbilete.
- Dette var ein trist nyheit for kunstmiljøet i fylket. Bjørn Hegranes var ein spesiell kunstnar, kompromisslaust oppteken av kunsten sin. Han kjempa mange slag åleine. Eg veit han har vore aktiv i atelieret på dagleg basis heilt fram til det siste, trass i at han sleit med dårleg helse, seier Stein Sandemose Baardsen, formidlingsleiar ved Sogn og Fjordane kunstmuseum.
Noko som kjenneteiknar Hegranes var at han ofte brukte svært lang tid på bileta sine. Bilete kunne stå i atelieret over tiår, for å bli henta fram, jobba på og omarbeidd over ein lang tidsbolk.
- Han var alltid eksperimentell i måten å tenkje på, og han jakta alltid på nye inntrykk, anten det gjaldt bruk av fargar eller materialar, seier Sandemose Baardsen.
Nye kommentarar