...
Reidun Øvrebotten er klar for utstilling. Foto: Annbjørg Hauge Nygård

Hyller kystkvinna i utstilling

Inspirert av gamle kartongfotografi og lagnaden til den hardt prøvde kystkvinna, har Reidun Øvrebotten laga si eiga særmerkte utstilling. Laurdag inviterer ho til opning i Galleri DS-Foto.

Annbjørg Hauge Nygård E-post
Publisert 28.09.2011 kl 11:47 Oppdatert 28.09.2011 kl 11:48

Tips ein venn på e-post:


Utstillinga ”Minne om Maria – ein hyllest til kystkvinna” fortel historia til ti kvinner frå Bremanger, med ulike lagnader frå tidsrommet 1875 til 1925.

– Utgangspunktet for utstillinga er dei mange kartongfotografia, eller visittportretta som dei heiter, som vi finn i gamle album, og som viser flotte stivpynta damer hos fotografen for første gong. Desse bileta står i sterk kontrast til det verkelege livet, til armoda og slitet som prega kvardagen til kystkvinnene, fortel Reidun Øvrebotten.

Og med sin bakgrunn innan design og kunstfag, let ho seg inspirere av desse gamle bileta og historia til desse kvinnene til å lage ei utstilling av drakter med symbolikk knytta nettopp til deira liv og lagnad.

– Gjennom draktene og foto av draktene ute i sitt rette element, har eg prøvd å visualisere kvar einskild kvinne slik vi kjenner ho att i den skrivne historia, som også er ein del av utstillinga, fortel ho vidare.

Til å fotografere har Reidun engasjert Iselin Valvik frå Florø, og resultatet av samarbeidet kan berre opplevast ved å kome på utstillinga laurdag.

– Dessutan hadde eg aldri fått til denne utstillinga utan den store velviljen eg har møtt hos bygdefolket, som har gjeve og lånt meg møblar, klede, gamle bilete og bruksting, det eg vil kalla skjulte kulturskattar, og ikkje minst teke seg tid til å fortelje historia om si bestemor eller oldemor, seier ho og rettar ei stor takk.

Under opninga vil mellom andre Oddbjørg Råket fortelje om bestemora si, og vi får høyre musikalske innslag av Grete Berntzen og Elisabeth Solbakken.

Utstillinga vil vere open to timar kvar ettermiddag i to veker framover, elles etter avtale.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Må reise mer kollektivt

Motormagasin Antallet kollektivreiser må dobles til en milliard i året for å unngå trafikkaos i de største byene i Norge. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.