I kveld skal Venstre og Jan Henrik Nygård forhandle med både Ap og Høgre med eit ufråvikeleg krav om ordførarvervet.
Det er duka for særs tøffe og spennande forhandlingar om ordførarvervet i Flora.
Veljarane sitt råd kan tolkast til at dei vil ha ein ny person og ein Høgre-mann i ordførarstolen: Men dei er berre litt større enn Ap i prosentpoeng. Venstre sit med den politiske jokeren i Flora.
– Vi skal ha ordføraren, seier toppkandidat for Venstre, Jan Henrik Nygård. Dei har tradisjonelt samarbeidd med Ap.
Høgre hadde ein stor framgang i Flora med 18,6 prosentpoeng og er no det største enkeltpartiet med 35, 6 prosentpoeng av stemmene og vart største parti. Men like bak følgjer Arbeidarpartiet med 32,7 prosentpoeng av stemmene. Jokeren Venstre har i underkant av 15 prosentpoeng. Dei vil no gå til det partiet som tilbyr ordførarstolen.
Firdaposten tok seg ei runde i byen for å sjå kva folk brukte det fantastiske vêret pinseaftan til.
Sjå bilete