Lista med dei nye kandidatane til Bremanger kommunestyre er klart. Fleire personar har fått mange stemmetillegg og har dermed komme med som kandidat til kommunestyret. Heile 12 av dei 23 kandidatane i kommunestyret er nye fjes.
Her er lista over kandidatane:
Arbeiderpartiet
AP mister fem kandidatar i kommunestyret, og sit igjen med seks
representantar. Desse er Nina Klara Grotle, Bjørnar Førde, Espen
Gulliksen, Per Helge Eikeland, Aud Marit Sortevik og Leo Cirotzki.
Som vararepresentantar for Arbeiderpartiet vil føljande personar vere: Magne
Elde, Anne Sofie Hauge Igland, Frank Midtbø, Leif Erik Senneset, Asle Førde,
Aud Berit Mulelid, Anita Løver, Jarle Frøyen og Jens Petter Kjerpeset.
Nina Klara Grotle gjekk forbi Bjørnar Førde på totalt mengd av røystetillegg og personrøyster.
Høgre
Høgre får totalt seks kandidatar, tre fleire enn ved førre val. Desse er: Audun
Åge Røys, Harry Gulestøl, Stian Holm, Petra Sølvi Strømmen og Helge Bakke og
Lars Endre Myklebust. Varakandidatar for høgre vil vere: Evy Dombestein,
Ole-Bjørn Førde, Per Røys, Robin John Ephithite, Ståle Martin Dyrstad, Per
Johan Gulestøl, Bente Frøyen, Are Kjelkenes og Elisabeth Birkeland.
Senterpartiet
SP gjorde eit godt val, og aukar talet på kandidatar med to. Her har veljarane
endra på lista ved å gi personstemmer slik at følgjene personar kjem i
kommunestyresalen: Karl Vidar Førde, Anita Nybø, Bjarte Vik, Bodil Elin
Edvardsen og Leni Marie Lisæter. Vara for desse er på
førsteplass: Henny Margrete Hansen, Aleksander Frøyen, Eldrid Eli Strømmen,
Jan Inge Sande, Peder Olsbø, Kjell Ottar Leirgulen, Øyvind Heimtun og Gerda
Venny Gunn Frøyen.
Bjarte Vik, og Bodil Edvardsen fekk mange personrøyster og slengarar, og kom derfor med i kommunestyret, sjølv om dei låg lengre ned på lista. Henny Margrete Hansen kom frå ein 22. plass til å bli første vara for Sp i kommunestyret.
Framstegspartiet
FrP beheld sine to plassar, og Atle Jan Frøyen og Elin Merete
Førde får begge plass i kommunestyret. Vara for desse er Andrew
Leknesund, Elise Madeleine Førde, Sylvi Frøyen, Fredrik Andal og Sylvi
Løvseth.
Kristelig Folkeparti mister ein kandidat, og sit igjen med Stig Bakke, som gjekk føre Rune Nordbotten på mengd personrøyster og slengarar. Vararepresentantar for KrF vert heretter Rune Nordbotten, Tore Myklebust, Synnøve Smørdal Wiik og Eldbjørg Kaldestad Ødegård.
Venstre
Venstre doblar talet på representantar med ein person til. Dermed vert Kåre
Jarl Langeland og Åge Senneset å sjå i kommunestyresalen.
Vararepresentantar her er Svein Olav Igland, Renate Olaug Naustdal, Magne
Ivar Kjerpeset, Jaqueline Mannaart, og Jonny Bortheim Mulelid.
Sosialistisk Venstreparti
SV får ein kandidat i kommunestyret. Noko dei ikkje hadde før. Det er Isabel
Grindheim frå Svelgen som vert sitjande i den posisjonen. Åse Leirgulen,
Tor Erik Liset, Charlotte Melvær Skjølberg og Grethe Berntsen er vara for
SV.
Kven som vert ordførar er enno ikkje klart. Då Senterpartiet har ein særdeles god forhandlingsposisjon, og kan velje om dei vil gå mot Arbeiderpartiet, og kanskje få ordførarrolla, eller mot Høgre slik dei har pleidd å gjere tidlegare.
Motormagasin Antallet kollektivreiser må dobles til en milliard i året for å unngå trafikkaos i de største byene i Norge. Les meir
Nye kommentarar