- Vi går for å få ordføraren. Det er hovudkravet. Korkje Høgre eller eller Arbeidarpartiet kan styre utan Venstre, så vi kjem til å forhandle ut frå det,seier Jan Henrik Nygård (V) på spørsmål frå Firdaposten.
Nygård var på veg til eit NHO-møte då vi snakka med han tysdag føremiddag.
Han var overraska over valutfallet i Flora, men glad på Venstre sine vegner.
- Vi heldt stand og auka røystetalet, men det var synd at dei andre sentrumspartia ikkje vann fram, legg han til.
Dermed fell sentrumsalternativet, og det må veljast side.
Høgre og Frp har 15 mandat til saman, og Ap utan Venstre har det same med eventuell støtte frå tidlegare samarbeidsparti. Det er utgangspunktet for tingingane som snart kjem i gang.
- Vi skal først samle den nye bystyregruppa, og så får vi ta det derifrå, seier han på telefonen.