Jomentum serverte mykje søt femtitalsnostalgi og ei fin påminning om det kulturelle livet, musikken og draumane som prega barne- og ungdomstida til dagens besteforeldregenerasjon i Florø.
Her er utnamna, draumen om sjølivet, vilkåra til kjærleiken den gongen.
Vi får høyre om den smertande lagnaden det er å sitje att åleine for ei som skal verte mor og vente lenge på at kjæresten som skal komme heim att til Florø.
Alt dette godt iblanda den tids typiske song - og barneleikar, framleis like sjarmerande å høyre frå barnemunn.
Og heller ikkje så spesielt for Florø om nokon skulle tru det.
Glimta frå stykket om "Kjærlighet og musikk" ved den gamle musikkpaviljongen, som dirigent Siv Førde skreiv til byjubileet i fjor, toler repetisjonar og er i ferd med å verte ein lokal klassikar.
Laurdag underheldt Jomentumkora endå ein gong ute i paviljongen ved Likkjevatnet med mange av dei same stykka.
Spesielt kjekt med Kristin Orre i berande rolle denne gongen og. Songane og musikken stemmer ekstra bra ute ein fin vårdag.
Då kjem og paviljongen som Førde og Jomentum fekk bygt på tuftene til den gamle musikkpaviljongen heilt til sin rett.
Jomentum har mange venner i Florø . Det kom bra med folk denne gongen og. Av fleire generasjonar, men flest av dei som hugsar perioden koret prøver å minne oss om..
.
Motormagasin Antallet kollektivreiser må dobles til en milliard i året for å unngå trafikkaos i de største byene i Norge. Les meir
Nye kommentarar