...
Foto: David E. Antonsen

Får pengar til pilotprosjekt

– No har vi fått finansiert eit pilotprosjekt om undervisning i biologi og biologisk mangfold i barne- og ungdomsskulen, fortel Monicha Landøy i FloraFauna i Florø.

Publisert 04.03.2011 kl 17:29 Oppdatert 04.03.2011 kl 17:29

Tips ein venn på e-post:


– Dette er noko eg har drøymd om å få til i fleire år. No har vi fått på plass finansiering frå Norges Naturvernforbund, seier Landøy.

Det heile starta med den omreisande utstillinga «Biologisk mangfald», som Landøy laga. No har ho altså fått pengar til å bringe dette inn i klasserommene.

Førde og Naustdal kommune er pilotkommunare og Norges Naturvernforbund i samarbeid med Naturfagskolesekken har finansiert pilotprosjektet.

– To ungdomsskular har takka ja og får dette unike undervisnigsmiddelet på besøk i klasserommet i løpet av mars og april, og det ser ut til at også barneskulane er positive. Dessverre har vi ikkje midlar til å nå alle skulane enda, men vi har søkt om støtte frå ulike hald og håpar at også skulane i Flora kommune vil få tilbod om å få den på besøk på eit seinare tidspunkt, seier ho.

Undervisningsutstillinga er gratis for skulane og det er lokallaget Indre Sunnfjord som kjem til skulane samman med utstillinga.

Arbeidet med utstillinga starta for tre år sidan og var finansiert hovudsakleg av Lokal Agenda 21 og av Havdyrkerne/ EWOS.

Den ble først stilt ut på Kystmuseet. I dei to påfølgjande årene har den voret på vandring i heile Norge: Elverum, Helgeland, Ålesund, Jæren, Telemark, Trondheim samt Kystmuseet og dei tre andre museene her i fylket. Skular og barnehagar har besøkt utstillinga på museene og tatt del i undervisninga der.

– Men no har vi lagt til rette for at den kan komme inn i klasserommet til eleven slik at lærar kan integrere den i pensum. Det var dette eg ønska skulle skje då eg lagde den og det er så kjekt at vi har dette pilotprosjektet på gang, seier Landøy.

Utstillinga blir sendt frå skule til skule og naturvernforbundet sitt lokallag møter opp på skulen samstundes med at Bring Logistikk leverer den i skuleporten.

– Det som har inspirert meg til å lage denne utstillinga er at eg vil at andre skal få litt av den interessen som eg har for realfag og naturen generelt, og for å få det til så må vi inspirere barna tidleg. Eg har vore bevist på at val av artar og objekt skal inspirere også dei som synest at biologi er kjedelig. Det er ting i utstillinga som dei også vil like!, seier Landøy.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Må reise mer kollektivt

Motormagasin Antallet kollektivreiser må dobles til en milliard i året for å unngå trafikkaos i de største byene i Norge. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.