Grunneigar Terje Førde i Ålfoten inviterer både statsminister og statsråd til Ålfoten for å sjå på konsekvensane av 420 kV-linja gjennom gjennom bygda.
Han viser til pressemelding frå Statnett og til OED sitt skriv til Statnett, der forståinga blant folk flest er at ein legg opp til endringar i linjeføringane utanfor dalføret, for å skåne Førdedalen i Bremanger kommune.
- Det er vel det som er intensjonen og det som er signalisert gjennom pressemeldinga og det som vart uttala der. Det er vel den overordna målsettinga med det heile ? spør han.
- Skåne inngrep i Førdedalen og unngå nye linjeføringar rett forbi fast busetnad i Førde i Ålfoten. Noko anna er vel ikkje akseptabelt. Eg må berre spørje, når eg les kva som står i brevet frå OED til Statnett, etter pressekonferansen.
Han meiner at det einaste fornuftige er at linjene enten førast sør på fjellet og ned til Åskora Kraftstasjon, slik det er bedt om konsesjonssøknad på. Han påoeikar at det ikkje gir meining å legge linjene sør om Vasslidvatnet og ned til konsesjonsgjeve transforrmeringsstasjon aust for Førdesetra midt i Førdedalen. Ein skåner vestre delen, men raserer fullstendig det øvrige dalføret. Ein trafostasjon i Førdedalen vil stenge av heile dalføret, og vil ikkje vere noko anna enn ei tragedie, meiner han. .
- Vi som bur fast i grenda Førde blir då like hardt råka, ved at linjene vil gå rett forbi hushjørna slik som konsesjonsgjeven trasè ligg føre i dag, seier han.
Han håpar at ein kan ha tiltru til at ein ser på dei alternative trasèar som skånar naturen og dei fastbuande mest.
LES LESARINNLEGG OM SAKA I PAPIRUTGÅVA TIL FIRDAPOSTEN LAURDAG
Motormagasin Antallet kollektivreiser må dobles til en milliard i året for å unngå trafikkaos i de største byene i Norge. Les meir
Nye kommentarar